Poster for Jul på Molja - Fredrik Steen & Jorunn Torsheim

About this event

Thon Hotel ved Molja i Ålesund får sitt eige juleshow! PREMIERE: Torsdag 12. november kl. 18.30 SPELEPERIODE: 12. november til 12. desember Artistane Fredrik Steen & Jorunn Torsheim inviterer til eit splitter nytt show d…

Thon Hotel ved Molja i Ålesund får sitt eige juleshow! PREMIERE: Torsdag 12. november kl. 18.30 SPELEPERIODE: 12. november til 12. desember Artistane Fredrik Steen & Jorunn Torsheim inviterer til eit splitter nytt show der dei lovar herleg førjulsstemning fullspekka av leik og humor - og ikkje minst briljant musikk! Ta julebordet med jobben eller venegjengen på Thon Hotel Ålesund i år, og få alt under eitt tak! Sunnmøringen Fredrik Steen (57) er ein veteran i den norske underhaldningsbransjen, og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Fredrik er som mange veit mannen bak revyfiguren "Hildegunn Moltubakk", men denne gongen må den sprelske husmora pent bli igjen heime. For denne jula tek Fredrik heller med seg sunnfjordingen Jorunn Torsheim (51) på scena, ein svært erfaren og allsidig songar og scenekunstnar med bakgrunn frå opera, teater og musikkteater. Jorunn er klassisk utdanna frå Norges Musikkhøgskole og Goldsmiths College. Ho er òg dotter av den eksentriske kunstnaren Oddvar Torsheim frå Førde, og har nok arva mykje av både galskap og artisteri derifrå. Fredrik og Jorunn har jobba saman med fleire ulike prosjekt tidlegare, men det er først gong dei gjer eit heilaftans show saman. Piano: Peter DemirovBass/gitar: Lars Øverås Lyddesign: Sverre WalderhaugLysdesign: Thomas Mellingen Hanssen Showet er produsert av Zenario og XAudio For firmatilbod med show inkludert overnatting og/eller julebord, ta kontakt med: THON HOTEL ÅLESUND på TLF 70 10 20 81 eller epost alesund@thon.no Spelestad: Thon Hotel ÅlesundMolovegen 66004 Ålesund Nettsida til Thon Hotel Ålesund finn du her

Keep exploring

More upcoming shows

Event image for Karlsruhe | Chaos Comedy Club
German
Karlsruhe

Karlsruhe | Chaos Comedy Club

Deine Stadt ist langweilig geworden. Du hast alles schon gesehen, gehört und getrunken. Bist zu alt für den Scheiß und zu jung für die Couch. Du bist reif für den CHAOS COMEDY CLUB, die Lösung all deiner Feierabendproble…

Event image for Comedy Show | Stand-Up Comedy in Leipzig
German
Leipzig

Comedy Show | Stand-Up Comedy in Leipzig

Erlebe beste Stand-Up Comedy im Herzen Leipzigs! Im Karli Comedy Club erwarten euch bei jeder Show 4 Comedians aus ganz Deutschland und der Region. Unser ständig wechselndes Line Up macht jeden Abend einmalig. Lass dich…

Event image for die Comedy Show - New & Best Jokes
German
Leipzig

die Comedy Show - New & Best Jokes

Freitag im Comedy Club Leipzig Jeden Freitag erlebst du NewComer und Profi Comedians aus ganz Deutschland die euch lachend durch den Abend bringen. Bei unserer New & Best Jokes Comedy Show gibt es 100% authentische Stand…

Jul på Molja - Fredrik Steen & Jorunn Torsheim
12 Nov 2026, 18:30